|
JOHAN ADRIAN (Av D. I. Lie). Optatt fra "Haaløygminne". Han heitte no Johan Adrian Johansen; men me kalla han berre Johan Adrian. Han var fødd inne i fjorden paa Bomstad*). Eg lærte aa kjenne han dei 5-6 aara eg budde paa Sandøyra og var lærar der. Han var daa ein gamal man paa umlag 70 aar og budde einsleg i ei gamal stova. Kona var dø for mange aar sia. Han hadde eingong aatt den gaarden; men no var det sonen, han Edvard Johansen, som aatte gaarden. Han hadde bygd nye hus paa andre side elva inne i tjukke skogen. Johan Adrian fekk maten der naar han vilde gaa dit. Elles treivest han best hjaa seg sjløv i gamlestova. Han tok seg ogsaa ofte erend bort i dei andre gardane. Han var dampskipsekspeditør der paa Sandøyra. Lokalen kryssa daa som no ut og inn Balsfjorden tva gonger for vika, og so hadde direksjonen tillatt skipet å stogga for Sandøyra og. Og Johan Adrian vart tilsett som ekspeditør. Der var ikkje so mykje å stogga for; men so var der no og daa ein som vilde umbord eller iland jamnast. Og so fekk me post iland, avisor og vanlige brev, og brev kunde me og sende umbord, og det var alltid ein lette for oss som bodde der i krinsen. Kvar gong skipet kom fraa byen og Johan Adrian hadde vore umbord, gjekk han rundt i gardane med posten. Der hjaa meg slo han daa jamnast av ein prat attmed ein kopp kaffe, og alltid hadde han noko hugnasamt aa fortelja - helst um sitt liv, og det var sanneleg ikkje so lite. Naar soga skal skrivast, burde ikkje hans namn vore gløymt. No er han dø for lenge sidan og ligg gravlagd der paa Sandøyra i hagen aat sonen, som nokre aar fyrr hadde mist ei dotter og etter mykje stræv fekk løyve til at ho skulde faa ligge der, og so fekk Johan Adrian kvile jamsides med henne. Statskyrkjegarden brydde ingen av deim seg um. Johan Adrian fortalde meg at daa han var skikkeleg vaksen og vilde gifta seg, byksla han Middagsbukta, som ligg paalag 5 km. lenger utmed fjorden som Sandøyra ligg. Han gav 120 daler i byksel. Der bygde han seg so hus og ei sag. Alt gjorde han sjølv. Han sydde sine sko og var ein sjølvhjelpen mann**). Truleg vart det for trongt for den arbeidshuga mannen i Middagsbukta, og kva han skulde med den saga der er vant aa skyna, for der er endaa ingen skog, knapt nok bjørkekratt. Han byrja reise paa Finnmarka etter sei og haakjerring, og det gjekk. Der var romare. Og han ssag havet laag og lokka og drog med sin rikdom langt utyver like bort til Svalbard, og det var ikkje lenge fyrr han rusta seg dit. Men daa vart det for langt inn fjorden til Middagsbukta. Han skilde seg med den og kjøpte Hungeren i Tromsøysundet. Det var ikkje so mange aar fyrr han rusta ut tre farty paa Ishavet, og han tente penger. Etter handa kjøpte han fleire gaardar i byen. Pengar hadde han, so dei likaste kjøpmenn som P. Hansen & Co. ikkje so faa gonger i ei knapp vending laante 20-30 000 dalar hos han. Kausjonerte gjorde han baade for den eine og den andre og var ein stor mann. Men so kom krakket i Troms. Fleire av dei likaste handelshus ramla. Det var vel i 70-aara det. Daa tok dei Johan Adrian med seg, og han vart so fatig som daa eg lærde han aa kjenne. Umfram alle bygardane som vart tatt fraa han, betalte han ut 96 000 dalar i reide pengar. Det sa han sjølv. Av bygardane fekk han ha rett til eit rom som han sidan fekk bruke naar han kom til byen. Mellombils hadde der ogsaa skjedd store brigde med han sjlv. Han hadde vorte nøydd til aa slutte med aa reise paa Ishavet, og det har visst vore til den største ulukke for den virkelystne og arbeidsame mannen. Men han hadde 3 dugande søner som tok arbeidet upp etter han der. Paa eit av sine mange eventyr hadde han eingogn skote ei kule gjennom høgre oksla, so ho vart stiv og ufør, og ein annan gong skaut han ut det eine auge. Dette gjorde han ufør til aa ferdast paa Ishavet. Oksla vart stiv all sin dag, men ikkje verre enn han rodde mangein gong millom Troms og Sandøyra i mine dagar - paalag 4 dampskipsmil -, so eg tykte eg hadde rett til aa segja um han: "Johan Adrian har skote seg ihel tvo gonger, og endaa er han like god". Eit hende han fortalde meg um sitt ishavsliv minnes eg noksaa godt: Ein straalande sumardag tok han med seg tvo mann og rodde i land paa Svalbard paa reinjakt. Dei kom iland ein stad der det var ein bratt berghamar tett ned med sjøen i flomaal. Hamaren var flat uppaa og bratt mot sjøen; men paa skraa etter berghamaren var der ei legd eller braut som var saavidt breid at ein mann kunde gaa den godt upp eller ned. Under hamaren i flomaalet hadde sjøen laga til ei djup trillande rund hole som ei uhorvelig stor gryte. Ho stad full av sjø. Der batt dei baaten og strauk paa land. Daa dei hadde faatt sitt nøgje med reinkjøtt og kom attende, gav dei seg til aa flaa reinane der uppaa den flate hamaren, steikte seg kjøtt og aat. Trøyte var dei og, men fli seg vilde dei fyrr dei la seg til aa sove. Med dei stelte med dette, snakka dei um at det var ergelig dei ikkje skulde raake kvitebjørn paa denne turen; men det var inga raad med det, tenkte dei. Daa dei var ferdige med etinga, gjekk dei tvo kameratane hans Johan Adrian ner i baaten og la seg i kvar sin baatskot. Johan Adrian tok ei raa reinhud og tulla seg inn i slik at han held saman fotfetlingane for bringa og snudde seg mot glohaugen etter kjøttsteikinga. Trøytt var han, men kvitebjørnen som han ikkje fekk sjaa, kunde han ikkje la vere aa tenkje paa. Svevnen drog paa, og han trudde at han hadde sakna verda; men so kom det fyre han at han høyrde noko som pusta, det vekte han mest uppat so han maatte til aa lye betre etter. So med eitt pusta det so greitt ved det eine øyra. I ei viss fart kasta han reinhuda fraa seg og spratt upp. Daa stod der tri kvitebjørnar og lukta paa han. Den mellomste hadde faatt reinhuda han kasta fraa seg, yver hovudet. Her var gode raad dyre. Å ta byrsa si som stod ladd nede ved føterne var ikkje tid til. Han gjorde som han hadde øvd seg til so ofte. Han kasta seg rundt paa hender og føter, og paa den vis gaar han som eit hjul ned yver brauta og kjem seg til baaten, triv der den ladde byrsa i framskoten, fær sovidt tid til aa snu sg mot bjørnen, som er like i hælene paa han, sikter og skyt. Det small, og bjørnen drattar paa rygg ner i vasskulpen; men den andre var der hakk i hæl, og da triv han ei harpun, som stod der, og køyrer i bringa paa bjørnen so han og drattar - over den fyrste bjørnen. No laag der so mykje ivegen for den tredje at Johan Adrian fekk springe inn i baaten og ta den ladde byrsa som stod i bakskoten, og so skaut han den tredje bjørnen fyrr kameratane fekk sanse seg i svevnorska kva som gjekk fyre seg. Der finst knapt mange som kunde ha gjort Johan Adrian dette etter. Men so var han no daa i sine besta aar. - Dette basketaket tok saa paa Johan Adrian at han fælte for han skulde miste vitet. Han fekk ikkje sove. So snart svevnen kom, tykte han at bjørnane var yver han. Men som det leid gjekk det yver. Den sterke konstruksjonen hans sigra. Daa eg i 1891 lærde Johan Adrian aa kjenne, var han som sagt omkring 70 aar gamal, men rørig og rask, og han saag seg aldri forfælt i nokon ting. Stova hans var ikkje reint lita. Rett inn, med samme ein kom inn i gangen, hadde han eit kammers. Der hadde han sengromet sitt. Dit inn fekk ingen koma. Høyrde han det kom nokon inn i gangen, kom han straks ut, og da bar det inn i storstove til venstre. Innanfor stova var og eit kammers. Inn i denne stova og dette kammerset var det vidunderlig aa kome. Det var fullt av alle ting: husgeraad og verkty av alle mogelege slag. Ja eg grunda mange ganger alvorleg paa kva eg ikkje skulde kunne finne der, um eg gav meg til aa leite. Der var finfine "finnerte møblar" av alle slag, bord, stolar, senger og skaap; men alle som ein var det berre brot, der var næsten ikkje ein stol til aa setje seg paa. Der var fleire veggklokkor; men alle stod. Verkty var der av alle slag for baade ler og tre og for jern og - fremfor alt ei rik samling av ambo til fangst av fisk, kobbe, kvalross og kvitebjørn; men alt var ubrukande. Ja det var som eg har sagt; det var reint uraad aa hitte paa noke som ikkje fanst der. Eg har aldri korkje fyrr eller sidan set ei slik samling. Men um ein kunde finne noko ein vilde gjere seg nytte av, so var det uraad aa faa kjpt det. Eg var eingong i beit for ei knivhein. Eg saag han hadde fleire; men han hadde bruk for dei alle. Eg maatte nærsagt knegaa han og leggje mine ord svært godt fyrr det lukkast; eg fekk ho tilslutt for 20 øyre; men so var med og svært fine vener. For skulemeistrane og deira arbeid hadde han ikkje stor vyrdnad. Det var berre tull dei for med. Jordkunna t. d. Kva lærte dei. Ingen ting. Dei lærte ikkje til aa sigle korkje hit eller dit, og kva skulde det so gagne aa prate med barna um alle hav og land, øyar, fjordar og nes? Ein gong kom han til meg eg held paa aa sette att ei holveite fraa kjellaren min. Daa meinte han at eg var reint for god kar til aa vere skulemeister naar eg kunde slikt. Han anste okkje det at eg var so styven eg byrja paa gale enden paa veita. Ja, han hadde mange underlege meiningar. Soleis forsikra han meg at naar koparen hadde lege i jorda ei viss tid, so vart han til gull. Og han vilde ikkje høyre um det at sola gjekk ner um vinteren ved nordpolen. Det hadde han daa sett med sine eigne auga at dess lenger nord ein kom, des høgre stod sola, og daa skulde ingen fortelle han den ting. Daa Nansen i 1893 skulde ta paa si nordpolsferd, var Johan Adrian reint upp i det. Han skulde ha vore med han, og hadde so visst Nansen visst um han, trudde han sikkert at han villa hatt han med paa turen. Ja, han tenkte ikkje paa anna natt og dag; men dette stod paa berre ei vikes tid. Sidan meinte han at Nansen aldri kom livande att. Johan Adrian var svært godlynt. Han bar okkje hat til nokon, ikkje snakka han vondt um nokon. Hadde han noko aa segja um einkvan, so sa han det alltid til han og sa det slik at ein kunde ikkje bli vond paa han. Etter mi meining var Johan Adrian i sitt slag ein stor mann. Han byrja med inkje og arbeidde seg upp til ein velhalden mann, ja, nær paa ein rik mann. Paa den maaten viste han folk korleis ein skal bere seg aat for aa greie seg. Dei 3 sønene sine lærte han upp til aa bli millom dei likaste sjømenn i Troms. Evdard Johansen var styrmann med Nordenskjöld daa han sigla nord um Asia. Søren Johansen var kaptein paa "Vega" som skulde leite etter Nordenskjöld, og Hans Johansen har fylt sin plass. Dette var litt av soga til Johan Adrian, ein gjæv nordlending, ein av dei gamle og originale, som det no blir færre og færre av i bygdene. Men minne deira skal leve, og staalsette dei nye ærrene. D. I. Lie. ----------------- *) Nei, paa Slettnes. P.A.L. **) Johan Adrian bodde kun noen faa aar i Middagsbukt før han flyttet til Sandøyra og derfra i mange aar drev gaardsbruket og ishavsfangst innen gan flyttet til Hungeren. P.A.L. |